Innlevering av bidrag til Gjemnes-Minne 2024

Vi har starta arbeidet med årets Gjemnes-Minne som skal vere klart mot slutten av hausten. Gjemnes-Minne har eit hovedfokus på stoff frå eldre dagar og kan sjåast på som ei historiebok frå kommunen vår. Men, vi ønsker også å ha med noko stoff frå nyare tid for ein god balanse og variasjon i heftet. 

For å få til dette er vi avhengig av å ha gode samarbeidspartnarar som levere tekstar og bilete år etter år, men vi er og avhengig av å få nye som ønsker å bevare historia og som kan levere tekstar.

Har du lyst til å bidra i heftet med ei tekst, bilete eller dikt/songtekst? Ta kontakt med Siri Ohren: siri.ohren@gjemnes.kommune.no

Frist for innlevering av bidrag er 15.september. (Vi tek sannsynlegvis imot bidrag også etter den tid, men vil helst ha mest mogleg innan 15.september pga redigering og trykketid).