Integreringstiltak for flyktningar i regi av frivillige lag og organisasjonar.

Til frivillige organisasjonar, tilsette i som jobbar med frivilligheit i kommunar, flyktningtenester med meir.

Møre og Romsdals fylkeskommune ønsker å minne om tilskotsordning om integreringstiltak for flyktningar i regi av frivillige lag og organisasjonar i Møre og Romsdal.

Det er sett av inntil fem millionar kroner til formålet.

Kven kan søke: Lokale og regionale ledd av frivillige organisasjonar i Møre og Romsdal som er registrert i Frivilligregisteret.

Kva kan ein søke tilskot til: Tiltak som er direkte retta mot målgruppa til dømes til formidling av informasjon, fritids- og ferieaktivtetar, møteplassar, finansiering av utstyr og transport til aktivitetar med meir, og som bidreg til språktrening i norsk/engelsk.

Kor mykje kan ein søkje om: Det er inga øvre grense på søknadssum, men nedre grense er 20 000 kroner. Ein kan søke om fullfinansiering av prosjekt. Dugnad vert ikkje rekna som kostnad. Ein kan ikkje søkje om tilskot til ordinær drift.
 

Prioriteringar:

  • Tiltak initiert og styrt av frivillige organisasjonar
  • Tiltak som skal settast i gang innan to månader etter tildeling
  • Resultat og effektar som kjem målgruppa busett i Møre og Romsdal fylke til gode
  • Tiltak der deltakarane sjølve har deltatt/medverka i utforminga av tiltaket

Søknadsfrist: Fortløpande

Les meir om ordninga, og korleis ein søkjer på denne lenka:  https://mrfylke.no/tilskot-prisar-og-stipend/tilskot-idrett-friluftsliv-frivilligheit-og-folkehelse/tilskot-til-integreringstiltak-for-flyktningar-i-regi-av-frivillige-lag-og-organisasjonar-i-moere-og-romsdal

Spørsmål? Ta kontakt med:
 

Anna Lianes

rådgivar
frivilligheit, eldrerådet og rådet for personar med nedsett funksjonsevne
kulturavdelinga – folkehelse, idrett og friluftsliv

Møre og Romsdal fylkeskommune
Tlf. 71 28 03 07 / 99 29 83 95

anna.lianes@mrfylke.no