Linda Eide: Fosse for dumskallar

Forestillinga Fosse for dumskallar med Linda Eide kjem til Gjemnes 13.november!

Høyrt masse om Fosse men aldri lest han? Lest Fosse men nysgjerrig på mannen?

Velkomen til noko såpass sjeldant som ein lys og lett Fosseforestilling. Fosse for dumskallar er forteljingar, analysar og anekdotar om det største fenomenet som nokonsinne har kome frå Hardanger. Verdas fyrste nobelprisvinner med nynorsk som hovudmål!

Kven er han, kva skriv han, korleis skriv han, og kva var det eigentleg som skjedde då mannen som aldri skulle skriva for teater, over natta vart ein verdsberømt dramatikar? Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkøyring? Og ikkje minst: Er Fosse så forbanna utilgjengeleg som folk skal ha det til?

Dette er dumskallens inngangbillett til Fosseriket. Og jamvel den vidarekomne kan henta med seg nokre nyttige studiepoeng.

Linda Eide har jobba som journalist og programleiar i nrk radio og fjernsyn i over tre tiår. Ho har mottatt ei rekke prisar for si formidling. Eide skriv også bøker og teaterframsyningar, og framfører sjølv det ho skriv. Sidan 2017 har ho fronta programmet Eides språksjov, og gjort språkopplæring til laurdagsunderhalding på NRK1. Linda kjem saman med sin makkar Sjur Hjeltnes på piano.

Døra åpnar kl. 18.00. Forestillinga startar kl. 19.00.

 

Billettar ligg ute her: Linda Eide: Fosse for dumskallar - 13.11.2024 | Gjemnes kommune | Kjøp billetter | Hoopla

Forestillinga er eit samarbeid mellom Gjemnes kommune og Gjemnes mållag.  Velkommen!